Original: Die Teilung der Erde. Friedrich Schiller (1795)
Oversatt til nynorsk: Johannes Gjerdåker
«Sjå her!» sa Zevs til folk på alle sider,
«No gjev eg dykk den heile, vide jord
Det er ein skatt, ein arv for alle tider,
Men del no rett, som bror til bror.»
Då sprang dei etter alt som hadde verde,
til eiga vinning ung og gamal drog.
Kring eigne åkrar sette bonden gjerde,
Markgreven tok all veideskog.
Og handelsmannen fylte sine buer,
Ein abbed heldt på alt av vin som sitt,
Og kongen sperra vegar, sund og bruer
Og sa: «Kvart tiende er mitt!»
Men seint, då delings tid var longe over,
steig skalden hit, langt bortefrå kom han,
– å, då var tekne alle gudens gåver,
og kvar ting hadde eigarmann!
«Ve meg! Så skal då eg åleine berre
Stå gløymd, den sonen du fann truskap ved?»
Slik klaga han seg høgt for Zevs, sin herre,
og kasta seg for truna ned.
«Når du i draumeland heldt rast på ferda,»
sa guden fort, «så krev`kje meir av meg!
Kvar var du då, den tid dei delte verda?»
«Eg var,» sa skalden stilt, «hjå deg.»
Mitt auga hekk ved dine andlits vangar,
mitt øyra ved den samljod du har skapt –
tilgjev ei sjel ør av dine klangar
og av ditt ljos har verda tapt!»
«Kva no?» sa Zevs. “Her er`kje meir å gjeva,
for grøda, marka, torget gav eg bort.
Men vil du hjå meg i min himmel leva –
så tidt du kjem, står open himmels port!»
